Et meir grønt og dyrk meir grønt

Voss har eit godt utgangspunkt for dyrking av mange ulike vekster. NIBIO har intervjua grønsaksbonde Knut Finne om drifta på Voss og syner potensiale for auka grønsaksdyrking  her lokalt i eit nytt kartlag i karttenesten Kilden.no

Kunnskapen frå jordsmonnkartlegginga som vart gjort i 2023 ligg no i eit nytt nasjonalt kart som syner dyrkingspotensiale for salat, gulrot og bønner. Her vert faktorar som temperatur, solforhold, helling og jordsmonn samla og vurdert. Kartet syner kva areal som eignar seg for dei ulike vekstene.

På Voss er det store potensiale for å dyrke meir grønt. Begynn planlegginga av neste vekstsesong no og sats på grønsaker.

Les saka og sjå dei nye karta her: Nye «trivselskart» for norske grønsaker - Nibio


Andre lenker:

  • Jordsmonnkartlegginga ligg til grunn for eit meir detaljert dyrkingskart som syner dyrkingspotensiale for mange ulike vekster: Kartet finn du her: Kilden - jordsmonn
  • Fylkesatlas har òg eit kartlag som syner kvar det er nok sol og varme til å dyrke eple og bringebær. Sjå kartlaget her: Dyrkingsklima

 

Bilde syner kva areal det går an å dyrke blomkål på Voss. Utklypp frå Kilden.no sitt jordsmonnkart: Kilden - jordsmonn