På grunn av masseskifte i vegkroppen, bytte av stikkrenne, utbetring av tilknytt drenering, fornying av rekkverk, samt sikring av murer, vil det føregå anleggsarbeid på Fv 5384 Fennavegen.
Oppstart av anleggsarbeidet vert mandag 28 september 2026, og vil vara til kring 20 november 2026.
Vegen vert stengt på natt i tidsrommet 22:00 – 06:00.
Vegen vil opna for passering frå kl 23 til kl 23:15.
Arbeidsperiode i desse vekene vert frå natt til tysdag, til og med natt til fredag.
Vegen er open for trafikk på dagtid , og på netter der det ikkje føregår anleggsarbeid, men me ber alle om å syna omsyn, og å tilpassa farten gjennom anleggsområda.
Nødetater kan passere.
Anleggsarbeidet vert varsla med skilt i henhold til varslingsplan.
For ytterlegare informasjon vert det henvist til 175.no.