Foreldregruppe PMTO - hausten 2026

Det å vera foreldre kan vera ei krevjande oppgåve. I periodar kan foreldre oppleva kvardagen vanskeleg– med mykje mas, diskusjon og irettesetting. Då kan ein kjenne seg både rådvill og makteslaus. Les meir her om korleis både du og barnet ditt kan få god støtte i PMTO foreldregruppe med oppstart til hausten. 

Til foreldre med barn i alderen 3-12 år

 

Å få hjelp til godt samspel, kan vera godt for både foreldre og barn. I PMTO er det fokus på å byggja gode relasjonar mellom barn og foreldre. Foreldre lærer verktøy som gjer foreldrerolla lettare. 

Metoden er praktisk retta og vil ta utgangspunkt i daglegdagse situasjonar i familien.

Døme på tema det kan bli arbeida med er:

  • Korleis leggje til rette for samarbeid med barn
  • Ros og oppmuntring
  • Positiv involvering og kommunikasjon med barn
  • Setje grenser
  • Problemløysing 
  • Korleis hjelpe barn som uttrykker vanskelege kjensler 
  • Oversikt og oppfølging
  • Søskensamarbeid

Oppstart: 31. august klokka: 08:15 – 10:15

Omfang: 12 møter 

Kvar: Helsehuset (Uttrågata 15) 

 

Påmelding

Du kan melde dykk på ved å ringe Barne- og familiehjelpa, eller ved å fylle ut digitalt skjema.

Barne- og familiehjelpa:

Spesialvernepleiar Trude Dale – 417 04 970

Spesialpedagog Rune Joanesarson – 480 14 547

Digital påmelding:

Følg QR-koden, eller denne lenka: 

Påmelding til foreldregrupper PMTO