
Gjennom programmet får ein møta andre foreldre i gruppe for å utveksle erfaringar om kommunikasjon med borna sine.
Målet er at den enkelte forelder skal reflektere og verta bevisste på kva ein gjer som er bra for borna. Du får inga ferdig oppskrift, men støtte til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn.
Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen, knytta til 8 tema for godt samspel.
Programmet er ICDP-rettleiing. LEs meir om kva ICDP er på desse lenkjene::
Kva er ICDP
Foreldrerettleiing BTI
Du kan også sjå denne filmen:
Om kurset
Gruppa består av 6-8 foreldre og to rettleiarar. Det er lagt opp til åtte gruppemøte. Første møte er onsdag 14. oktober kl 13:30-15:00. Siste møte er onsdag 2. desember.
Møta er i kjellaren på Helsehuset i Uttrågata 15. For å melda deg på eller få veta meir, kontakt Trine O. Hillesland eller Guro B. Nestås på e-post. Meld frå om du vil vera med og om du er ein eller to som deltek innan 28. september.