Fotballtrøyefredag på innbyggjarservice

Fredag er det fotballtrøyefredag. Det er dagen då ein tek på seg fotballdrakt for å visa støtte til born og unge med kreft. Heile stabsavdeling innbyggjarservice stilte i drakt. 

Sander Schadenberg/Avisa Hordaland

Barnekreftforeningen har kvart år fotballtrøyefredag, der alle vert oppmoda om å gå med fotballtrøye for å visa støtte til born og unge som er råka av kreft. På Voss tinghus var det fleire drakter å sjå fredag, mellom andre hadde heile stabsavdeling innbyggjarservice tatt på seg drakta i møte med innbyggjarane.

Naturleg nok er Englands mestvinnande fotballklubb sterkt representert, men det var også drakt frå AC Milan og Manchester United å sjå i servicetorget denne fredagen. Elles på Tinghuset kunne me sjå drakta til både Tottenham Hotspurs, det norske landslaget og Sogndal. 

Fotballtrøyefredagen handlar ikkje berre om å visa støtte, det er også mogleg å støtta denne kampen med økonomiske bidrag. Klikk deg inn her om du ynskjer å bidra:  Fotballtrøyefredag