Lupin spreier seg og fortrenger lokal natur. Slå ned planta eller fjern blomen før den får sett frø.Framande artar som spreier seg raskt i naturen i Voss:
- Kjempespringfrø
- Lupin
- Skogskjegg
Skogskjegg har spredd seg kraftig dei seinare åra. Fjern blomsten før den setter frøTiltak: Hindre dei i å sette frø og å spreia seg vidare! Tiltak i nærmiljøet ditt (t.d. på vegkantar) : slå ned heile planta evt. fjern blom slik at planta ikkje får høve til å sette frø. Så lenge planta ikkje har sett frø kan avfallet ligge att.
Med ein felles innsats og samarbeid mellom det offentlege, grunneigarar og ålmenta er det mogleg å begrense desse plantene.
Parkslirekne: Planta spreier seg med stenglar og røter. Alt plantemateriell må leverast til forbrenning. Dette er ei svært krevjande plante, hindre at noko av plantemateriellet vert spreidd. NB: ver særleg merksam ved flytting av jord.
Kjempespringfrø er innført som ahgeplante og arh fine raude eller rosa blomar. Fjern blomen før den får sett frø.Les meir NIBIO sitt plantevernleksikon
Video frå Sabima om bekjemping av kjempespringfrø
Handtering av hageavfall
Framandartane fortrengjer planter som høyrer til i den lokale floraen og trugar slik naturmangfaldet og aukar risikoen for mellom anna erosjon. Det er derfor viktig å handtera hageavfall på rett måte for å hindra spreiing. Dumping av hageavfall t.d. i naturen er ulovleg og kan ha mange negative følger. Kjem hageavfallet i vassdrag er dette svært uheldig og kan føre til ei effektiv spreiing av uønskte artar, i tillegg til ei mogleg forsterking av skadepotensialet ved styrtregn og flaum.
Dersom du tek hand om hageavfallet ditt sjølv skal dette vere i ein varmkompost der du har kontroll på evt. spreiing med frø eller stenglar/røter.
Hageavfall med framande artar med røter og frø som kan bidra til spreiing bør leverast som restavfall til forbrenning.
BIR Voss Hardanger viser til informasjon på heimesidene deira: Har du framande artar i hageavfallet?
Liten plante av kjempespringfrø. Lukast om du finn han i ditt miljø. Små plantar kan leggast i haug på ein litt tørr stad slik at dei tørkar inn.