Søndag vart årets TV-aksjon gjennomført, og Voss herad har i skrivande stund samla inn 1 321 078 kroner til Barnekreftforeningen sitt arbeid med familiehus.
Hjarteleg takk til alle som bidrog i denne innsamlingsdugnaden for å gjera kvardagen til familiar med alvorleg sjuke barn litt enklare. Takk til både bøsseberarar, rodeleiarar, skular, næringsliv og ikkje minst alle som har støtta TV-aksjonen både via bøssene, vipps og spleisar!
Sist endra 21.10.2024 14.18
TV-aksjonen 2024 går i år til Barnekreftforeningen sitt arbeid for å etablera familiehus i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. På Barnekreftforeningen sine sider kan du lesa meir om dette arbeidet og korleis aksjonsmidlane vert nytta: Ingen barn skal dø av kreft. Gi håp! | Barnekreftforeningen
Rekordhøge tal for Voss
Voss sitt samla bidrag i år er nesten 400 000 kroner høgare enn fjorårets resultat. Bøsseberarane på Voss samla inn omlag 200 000 kroner meir, og det lokale næringslivet gav omlag 150 000 kroner meir enn i fjor.
–Me er svært nøgde med årets TV-aksjon og at vossingane har synt så stor givergleda. Tusen takk til alle som har stått på før, under og etter sjølve aksjonstimane. Me hadde ikkje klart å samla inn så mykje utan hjelparane våre, seier varaordførar Benedicte Kragh.
Her kan du sjå detaljert oversikt og statistikkar over bidraga i Voss herad: Voss herad
Du kan fortsatt gje
Det er endå ikkje for seint å støtta TV-aksjonen. Fram til torsdag denne veka vil det stå bøsse i skranken på Tinghuset, Voss sparebank, Vekselbanken og Velferdssentralen.
Ein kan og gje bidrag til TV-aksjonen på Vipps 2133.
Sveinung Riber, Benedicte Kragh og Marit Helgaset er svært nøgde og takksame for alle bidrag til årets TV-aksjon.