Tysdag 17. februar fekk Voss herad ved ordførar Tonje Såkvitne besøk av Voss sparebank ved Jørund Rong og Sparebankstiftinga Hardanger ved Kjetil Widding og Per Berge. Begge hadde med seg gåvesjekkar på 5 millionar kvar til Gamlekinoen.
Sist endra 19.02.2026 13.19
Det er ei fantastisk gåve som syner den vilja og evna desse to institusjonane har til å byggje opp under lokalsamfunnet vårt. No har me til saman 45 millionar kroner i ekstern finansiering til Gamlekinoen og me er eit skritt nærare realisering.
Arbeidet med Gamlekinoen viser igjen den Vossiske evna til tru på at me kan skape store ting når me vel å trekke i same retning. Takk til Jørund, Kjetil og Per.

Foto: Sverre Jervell/Avisa Hordaland