Godt oppmøte på folkemøte i Granvin

I underkant av 100 personar møtte opp på det første folkemøtet om framlegg til både ny samfunnsplan og ny barnehage- og skulestruktur.

Det første folkemøtet var onsdag kveld i gymsalen på Granvin barne- og ungdomsskule. I underkant av 100 personar møtte opp for å høyra presentasjonane av dei to framlegga, og stilla spørsmål som grunnlag for å senda innspel. 

Presentasjonen frå dette folkemøtet finn du her: Presentasjon folkemøte Granvin. (PDF, 3 MB)

I kveld er det nytt folkemøte på Evanger skule, før Vossestrand og Vangen står for tur 11. og 12. november. Presentasjonane vil verte delt på nettsida vår fortløpande, både gjennom artiklar som denne, og her:

 Kunnskapsgrunnlag og oppsummering frå medverknadsaktivitetane