Granvin barnehage er opna

Ein splitter ny barnehage i sentrum av Granvin er offisielt opna. Barnehagen med fire avdelingar erstattar gamle Tueteigen barnehage, og ligg vakkert til ved bygdatunet. 

Tor H. Halvorsen

Det var ordførar Tonje Ljones Såkvitne som opna barnehagen fredag 21. august. 

Fire avdelingar

Barnehagen, som erstattar Tueteigen barnehage, har to avdelingar for dei minste og to avdelingar for dei største borna. Kring 50 born har plass i det som no heiter Granvin barnehage. Barnehagen hadde i kostnadsramme på 80,4 millionar kroner, og det ser ut til at kostnaden endar to millionar under dette. 

Song og snorklypp

Etter at ordføraren hadde opna, med både tale og snorklypping, song borna om kaptein Sabeltann og drog også opp klassikaren “Rock`n`roll fiskeboll”, før det var omvisning for både kommunale leiarar, arkitekt, byggeleiar og entreprenør i dei splitter nye og flotte lokala. 

Open barnehage neste laurdag

Neste laurdag, altså 29. august, er det granvinsdag. Då vil Styrkaar Ringheim Hustveit frå Prosjekt og Utvikling i Voss herad visa og fortelja om det nye bygget for bygdafolk som vil sjå seg om i den nye barnehagen. 

Opningstalen

Tor H. Halvorsen

Dette var ordføraren sin tale:

Kjære born, tilsette, foreldre, inviterte gjester og alle gravensarar. 

I dag er ein stor dag for Granvin.

For berre 19 månadar sidan stod me her og tok det fyrste spadetaket. Då var dette ein byggeplass. I dag står me her framfor ein ferdig barnehage, fylt av liv, latter og forventningar til framtida.

For mange er dette eit nytt bygg. Men eigentleg handlar dette om mykje meir enn veggar, vindauge og tak. Dette handlar om born som skal leika, læra og skapa vennskap. Om tilsette som kvar dag legg ned ein uvurderleg innsats for å gje ungane ein trygg og god kvardag. Og om foreldre som skal kjenna seg trygge på at dei aller viktigaste dei har, vert tekne godt vare på. 

Saka om ny barnehage har ei lang historie. Mange har arbeidd for å få dette prosjektet realisert, og difor er dette også ein dag for å takka. Takk til alle som har bidrege gjennom planlegging, politiske vedtak, prosjektering, bygging og innflytting. Dette er resultatet av langsiktig samarbeid og ein felles vilje til å investera i framtida.

Denne barnehagen er òg eit symbol på noko større. Ho viser at me har halde lovnadene som vart gjevne då kommunane vart slått saman, og er eit viktig signal om at me skal utvikla heile Voss herad.

Samtidig kjenner eg på denne dagen også som mor.
Mi yngste dotter går her. Då fyrste barnehagedagen kom, var det ikkje det nye bygget ho snakka mest om. Det var venene sine. Og dei vaksne som møtte henne.

Det er ei fin påminning til oss alle.

For sjølv om dette er ein av dei flottaste barnehagane ein kan tenkja seg, er det ikkje bygget som er det viktigaste. Det er menneska som fyller det.

Sidan dette er den fyrste veka i eit nytt skule- og barnehageår, ynskjer eg å senda ei varm helsing til alle dei vaksne som kvar dag møter borna våre i barnehagane og skulane rundt om i Voss herad.

Tusen takk for omsorga, tryggleiken, tolmodet og engasjementet. Takk for at de skapar gode dagar for borna våre, og for at de gjer ei tid med nye inntrykk og endringar til noko spennande og trygt. Det er relasjonane, omsorga, leiken og fellesskapen de byggjer kvar dag som gjer ein barnehage til ein god stad å vera.

Og for ein stad dette er.

Her ligg fjorden, elva, strandsona, skogen og turstiane like utanfor. Her ligg bygdetunet og Kulturbanken som naboar. Naturen og lokalsamfunnet vert ein del av kvardagen, og eg trur det finst få barnehagar som har ei slik plassering som denne.

Eg vil også retta ein stor takk til alle som har gjort denne dagen mogleg. Til prosjektleiinga, arkitektane, dei som har leia byggjearbeidet, handverkarane og alle andre fagfolk som har bidrege undervegs. De skal få høyra meir om arbeidet frå andre talarar etter meg, men eg ynskjer å understreka kor stor pris me set på innsatsen dykkar. De har skapt ein stad som vil koma born, tilsette og heile bygda til gode i mange år framover.

Til slutt vil eg seia dette til borna:

Denne barnehagen er bygd for dykk. Eg håpar de fyller han med latter, vennskap, fantasi og gode minne i mange år framover.
Med det har eg den store gleda av å erklæra den nye barnehagen i Granvin for offisielt opna.

Til lukke med dagen!