Kimm Saatvedt/Det kongelige hoff
Hans Majestet Kong Harald V har vore konge sidan Kong Olav døydde 17. januar 1991. Hans Majestet Kong Harald V vart fødd 21. februar 1937, og vart 89 år.
Voss herad flaggar på halv stang ved kommunale bygg i dag fredag 28. august, og på gravferdsdagen. I sørgeperioden i mellom vert det flagga på halv stang ved Voss tinghus.
Vangskyrkja er open mellom kl. 14 og 17 fredag.
Det vert lagt ut kondolanseprotokoll på Voss tinghus, Granvin sjukeheim, Vossestrand omsorgstun, Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgssenter.
Protokollen vil vera tilgjengeleg på desse tidene:
- Voss tinghus måndag til fredag frå kl 08:00-15:30
- Granvin sjukeheim: 08:00-18:00
- Vossestrand omsorgstun: 08:00-20:00
- Voss sjukeheim: 08:00-20:00
- Vetleflaten omsorgssenter: 08:00-20:00
Blomar ved tinghuset

Det er godt å sjå at fleire no legg blomar ved flaggstanga på tinghusplassen for visa medkjensle med kongens bortgang. Nokre har også med seg blomar når dei skriv i kondolanseprotokollen. Det er fint om dei som ynskjer det, legg blomane attmed flaggstanga.