Valet betyr at delar av Voss tinghus no vert bygd om for å husa jordskifteretten og tingretten frå februar neste år.
– Dette gjer at me får samla fleire viktige offentlege tenester i Voss tinghus, seier Styrkaar Ringheim-Hustveit og Elisabeth Lillegraven i avdeling for prosjekt og utvikling i Voss herad. Dei har vore sentrale i arbeidet med å utarbeida tilbodet på vegner av Voss herad.
Det er lokala der NAV tidlegare hadde kontor som i hovudsak skal nyttast.
– Det er eit viktig poeng å nytta eksisterande bygningar best mogleg, noko me no får gjort, seier Ringheim-Hustveit og Lillegraven.
Rådmann Martin W. Kulild meiner dette opnar opp for meir effektiv drift av Voss tinghus og betre sambruk.
– Det at jordskifteretten har valt Voss tinghus er ei fantastisk moglegheit til å oppgradera både deira og våre lokale, og vil også bidra til at Voss tinghus får eit endå større og breiare arbeidsmiljø. Dette styrkar også Voss som regionsenter, seier han.
Også ordførar Tonje Ljones Såkvitne ser at det opnar seg nye moglegheiter med jordskifteretten i hus.
– Me ynskjer å opna Voss tinghus meir for å skapa møteplassar, og det å jordskifteretten inn vil bidra til det. I tillegg er eg glad for at me på denne måten også får utvida fagmiljøet på tinghuset.