I dag skriv me idrettshistorie i Voss herad!
Karoline Simpson-Larsen har teke heile bygda - og landet - med storm og sikra seg og laget OL-gull. GRATULERA !
Endå meir utruleg: Dette er medalje nummer 100 som går til ein utøvar frå Voss!
Sist endra 14.02.2026 14.02
Denne gullaugneblinken er ei hyllest til heile det sterke idrettsmiljøet vårt: trenarar, foreldre, frivillige, klubbar – og ikkje minst utøvarane som kvar dag viser kva som er mogleg med hardt arbeid, tru på seg sjølv og god støtte rundt seg.
Karoline, du er ein inspirasjon for oss alle.
Heile Vossabygda jublar for deg i dag!
Tonje Ljones Såkvitne – ordførar i Voss herad