Informasjon om feil med AvtaleGiro

Ved førre fakturering oppstod det ein systemfeil som gjorde at AvtaleGiro ikkje vart generert som normalt.

Dette har ført til at betaling via AvtaleGiro ikkje vart gjennomført. Dei det gjeld, har derfor fått faktura tilsendt per post.

Du finn betalingsinformasjonen på papirfakturaen.

Du vil ikkje bli belasta purregebyr eller andre kostnader som følgje av denne feilen.

Vi beklagar ulempene dette medfører.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp med betalinga, kan du kontakte Økonomiavdelinga på postmottak.okonomi@voss.herad.no eller på tlf 56 51 94 00.