Ingeborg Hellesnes Uppheim vert organisasjonssjef

Ingeborg Hellesnes Uppheim (37) er tilsett som organisasjonssjef i Voss herad. Ho er i dag vår kommunalsjef for oppvekst.

I rolla som organisasjonssjef overtek Ingeborg Hellesnes Uppheim den overordna leiinga av det som tidlegare var rådmannen sin stab. Organisasjonsavdelinga er ei fagleg svært mangfaldig avdeling som jobbar med mellom anna HR, løn, økonomi og budsjett, arkiv, personvern, digitalisering, IT og kommunikasjon. 

Det er ikkje endeleg fastsett dato for oppstart, dette må avklarast i samråd med korleis mellombels leiing av kommunalavdeling oppvekst skal organiserast. 

Stillinga som kommunalsjef oppvekst vil verta lyst ut.  

Rådmann Martin W. Kulild er glad for at det no er tilsett i denne viktige stillinga, og seier det var ein god prosess med mange godt kvalifiserte søkjarar.