Kva er arealressurskart AR5?
Kartutsnitt over endringar i kartet sentralt i Voss herad. Kjelde NIBIOArealressurskartet (AR5) vert nytta som kontrollgrunnlag for arealbaserte tilskot i jordbruket, i arealplanlegging, lovforvaltning og som dokumentasjon i ulike samanhengar. Kartet er også eit sentralt grunnlag for karttenesta Gårdskart som er mykje nytta av både bønder og landbruksforvaltninga for informasjon og dokumentasjon. Difor er det er viktig at kartet er så oppdatert som mogleg.
Svært mange grunneigarar vil finne at arealopplysningane for garden er noko endra etter denne gjennomgangen. Landbruksavdelinga oppmodar difor alle til å gå inn og sjekke kva endringar som eventuelt er gjort på eigedomane. Dersom det er noko grunneigarane ikkje forstår eller er samd i, må dei ta kontakt med heradet.
Kvifor er det gjort endringar i kartet?
For at arealressurskartet skal vere oppdatert er det nødvendig å bruke nye ortofoto (målestokkriktige flybilete) for å fange opp endringar som skjer i landskapet. Dei fleste oppdateringane som er gjort skuldast endringar i landskapet, t.d. nydyrking, nedbygging, tilplanting eller attgroing. Det kan også skuldast at kartet tidlegare har innehalde feil som no er retta opp.
Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som har oppdatert kartet, etter bestilling frå kartsamarbeidet Geovekst, som heradet er ein del av. Bileta som er nytta i arbeidet er frå 2024. Det er også nytta kart med oppdaterte veg- og vass-data. Det er viktig å vete at det er tilstanden til arealet som vert lagt til grunn for klassifiseringa, ikkje korleis arealet faktisk vert nytta. Til dømes vert eit område som tilfredsstillar definisjonen for «fulldyrka jord» og kan fornyast ved pløying, registrerast som fulldyrka, sjølv om det vert nytta til innmarksbeite.
Innmarksbeite
NIBIO har i dette ajourhaldet omklassifisert over 2200 daa innmarksbeite til skog. Hovudgrunnen til den store endringa er m.a. at NIBIO har endra praksis slik at dei no endrar status for innmarksbeite ut frå vurdering av flyfoto. Tidlegare skulle heradet synfare desse areala fyrst, noko me generelt ikkje hadde kapasitet til å prioritere og det har slik vore eit etterslep. Kva som gjeld for innmarksbeite er gitt i informasjonsark frå NIBIO.
Eit innmarksbeite er definert som eit jordbruksareal som kan brukast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Eit innmarksbeite skal ha gras og urter med god fôrverdi som dyra sjølv haustar ved beiting. I tillegg skal det ha eit tydeleg kulturpreg. Bilde viser innmarksbeite frå Fyre.Vidare oppdatering: Heradet har ansvar for å halde arealressurskartet mest mogleg oppdatert fram til neste gjennomgang for oppdatering, noko som skjer ca. kvart 4-8 år. Tiltak som endrar jordbruksarealet er i dei fleste tilfelle søknadspliktige, og endringar skal meldast til landbrukskontoret.
Meir informasjon om arealressurskartet (AR5): På NIBIO sine nettsider finn du meir informasjon om kartet AR5. Det er også laga ein brosjyre om arealressurskartet.
Alle som søkte produksjonstilskot i 2025 (med aktiv e-post adresse) har fått e-post med oppmoding om å sjekke areala i gardskart for dei eigedomane dei disponerer.
Kontakt for spørsmål: landbruksrådgjevar Kari Mostad 97 99 71 50