I 2023 nytta Voss herad om lag 5,7 millionar kr på nye møblar. Det er ein stor sum for heradet og det utgjer store utslepp i landa som produserer møblane.
Det står ein del møblar som ikkje lenger er i bruk kringom dei kommunale bygga. Noko passar ikkje inn lenger og har blitt erstatta, medan andre ting er øydelagde og treng reparasjon før det kan nyttast att.
No vil me få oversikt over kva me har. Ina Marie Bollingberg frå Ombruksnettverket og Lys i gamle hus vil i perioden juni-august reisa rundt og kartleggja møblar som ikkje lenger er i bruk. Desse vert lagt inn i verktøyet Loopfront. Då Asker kommune tok i bruk Loopfront gjekk dei frå å bruka kring 9 millionar kr på møblar eit år til 40 000 kr neste år.
Til hausten vil heradet få ein ny innkjøpsrutine på kjøp av møblar som gjer at ein må undersøkja kva me allereie har i heradet, før ein kjøper nytt. Dette vil kunna spara pengar, avfall og utslepp, og er såleis både eit godt klimatiltak og eit VossiPluss-tiltak.
Har du ansvar for møblane i eit kommunalt bygg?
Hjelp oss med å prioritera mellom bygg og finna dato for kartlegging ved å fylla ut dette skjemaet (det tek to minutt):
Kartleggingsskjema av møblar til ombruk
Ina er i gang med å kartleggja ein skuffeseksjon på Tinghuset.
Lina Hamre