Mikkel Landro/Vossadagane
Prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller verksemder som har utmerka seg innan klima- eller miljøvernarbeid i heradet.
Vinnarane av årets pris er ei lita, men drivande kraft for natur og fellesskap på Voss og i Hardanger. Dei arbeider for naturen – i naturen – med eit ekte engasjement og ei smittande tru på at små handlingar, gjort saman, kan skape store resultat.
Gjennom praktisk naturrestaurering tek dei på seg alt frå små dugnadar innan nedkjemping av framande artar og etablering av blomeeng, til større prosjekt som krev entreprenør, fagkunnskap og tverrfagleg samarbeid. Felles for alt dei gjer, er ei genuin forståing for naturens eigenverdi – og eit mål om å betre det biologiske mangfaldet, bit for bit.
Dei står fram som eit førebilete på korleis næringsliv, frivillige og offentlege aktørar kan jobbe saman for eit felles mål: å ta vare på og styrkje naturgrunnlaget vårt. Dei gjer ikkje berre eit fagleg viktig arbeid – dei gjer naturvern til noko nært, konkret og mogleg for alle å delta i.
Når utvalet for klima, miljø og beredskap landa på denne kandidaten var me einige om at desse damene inspirerer, engasjerer og gjer ein forskjell – for folk og for naturen. Og heile utvalet vert med på ei dugnadsøkt til våren – for når det gjeld nedkjemping av framande artar treng me at alle bretter opp ermene og gjer ein innsats. Og det håpar eg at alle de i salen vert med på også.
Då vil eg ynskja Naturverkstaden med Benedicte Watvedt Skaug og Gudrun Folkedal opp på scena.