Kortreist brannstasjon

Fundamentet til den nye brannstasjonen vert bygd med både materiale og arbeidskraft frå Voss.

Bystøl entreprenør er godt i gang med å byggja ny brannstasjon på Tvildemoen. No vert til og med material kortreist.

I vår vart det hogd skog på Bømoen. Dette vart kjøpt av Seimen Sag og Høvleri, og no har Bystøl entreprenør kjøpt ferdig produkt 48x98 for å bryggja fundament til brannstasjonen. For dei utan fagbrev er 48x98 det me andre gjerne omtalar som to-fire.

Dermed vert fundamentet til den nye brannstasjonen bygt med lokale entreprenørar og svært kortreist trevirke.