Kva skjer når vatnet stig og håpet svinn?

Mathew Stiller Reeve, klimaforskar og formidlar, kjem til Voss med eit engasjerande og tankevekkande foredrag om korleis me kan møta klimakrisa – ikkje berre med teknologi og politikk, men med kjærleik, fellesskap og lokal handling. Føredraget vert halde måndag 27. oktober i Voss kulturhus.

Gjennom forteljingar, forsking og personlege refleksjonar vil han utforska korleis kjensler og relasjonar kan vera ein nøkkel til å mobilisera samfunn og individ i møte med ei verd i endring.

Etter føredraget tek me debatten om korleis me på Voss kan bu oss på å ha det trygt når klimaet endrar seg. I panelet stiller både ungdom, politikarar og næringslivet.

📅 Måndag 27. oktober 
📍 Voss Kulturhus 
🕡 kl. 18.00

Arrangementet er gratis, men du lyt sikra deg billett:  

eBillett: VOSS DRUKNAR, men kan kjærleiken løysa klimautfordringa?

Kontaktperson: Tor Helmer Halvorsen, Tor.H.Halvorsen@voss.herad.no