Kva skjer på Voss?

Friskus kommune - appen for deg som vil vita, delta og bidra!

I Voss herad har me samla alt som skjer av aktivitetar i ein app. Her finn du informasjon om alt frå babysong til idrettsarrangement og konsertar. 

Gå til aktivitetskalenderen  

Last ned appen i dag!  

Appen Friskus kommune ligg klar i App Store og Google Play.
 

 

Kva skjer i helga? Kva skjer neste veke? Sjekk ut aktivitetskalendaren i Friskus-appen eller på nett. her finn du arrangement frå heile kommunen - frå barneidrett og korpsøving til kurs, konsertar og seniortreff.

Du ser kven som står bak arrangementa, og kan ta direkte kontakt med arrangørane

Du kan tilpassa informasjonen du får opp ved å nytta filter, for eksempel sortera etter alder, interesser, tidspunkt, pris, kultur, idrett osv.

Lag , organisasjonar og andre - vis kva de driv med!

Er du med i eit lag, ei frivillig gruppe eller om du sjølv er initiativtakar? Då bør de bli arrangør i Friskus! Det er heilt gratis å registrera seg, og det går raskt å leggja ut arrangement.

Det er faktisk raskare enn å laga arrangement på Facebook – og mykje lettare for innbyggarane å finna.

Når arrangementet ligg i Friskus, kan de i tillegg dela det vidare på Facebook. På den måten blir alt samla på ein plass, og fleire får det med seg.

Fram til i dag har 213 lag og andre arrangørar registrert seg i Voss herad!

 

 

 

 

Kvifor nytta Friskus?

  • Gratis for alle
  • Oversikt over aktivitetar i lokalsamfunnet
  • Lett å bruka – både for innbyggarar og arrangørar
  • Trygt og tilgjengeleg for alle

 

Korleis kan du laga deg ein brukar? 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkonto
  3. Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! 
  4. Vel Voss herad i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen

 

Korleis kan arrangørar og frivillige lag ta i bruk Friskus?

På Friskus kan de visa fram aktivitetar, koordinera og rekruttera - alt på ein stad, saman med andre. 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på BLI ARRANGØR
  3. Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å tinga arrangørside.

Har du problem med å laga deg ein brukar, eller leggja inn aktivtetar? 

Sjekk ut Hjelpesenter eller ta kontakt med Pernille i Voss Frivilligsentral eller  kristina.finne@voss.herad.no 

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33