Momskompensasjon på varer og tenester

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet.

Det vert opna for nye søknader hausten 2024.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld også dei som søkjer via sentralleddet sitt. Hugs at registreringa kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne frister for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkjast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema: Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61