Den lokale TV-aksjonen består av varaleiar og komiteeleiar Benedicte Kragh og formannskapsmedlemma Samson Hamre og Sveinung Riber. I tillegg møtte Hedvig Røhnebæk og Ståle Rørlien frå Voss Næringsråd.
Frå kl 08-10 ringte dugnadsgjengen rundt til lokale verksemder for å spørja om bidrag til Barnekreftforeningen, som er mottakar i årets aksjon. I løpet av eit par timar gav lokalt næringsliv rundt kr 90 000, og meir var på veg.
– Dette var veldig kjekt. Me har omtrent fått "ja" frå alle me har ringt i dag. Me veit også at litt fleire bidrag er på veg, men nokre måtte samsnakkast litt internt før dei kom med eit beløp, fortalte Benedicte Kragh etter ringeaksjonen.
Fantastiske tal alt to veker før innsamlingsdagen
Fredagsmorgon var summen oppe i kr 104 575. Dette er over dobbelt så mykje samanlikna med summen næringslivet på Voss gav i fjor, som var på kr 43 369.
– Det er svært gledeleg å sjå at lokale bedrifter på Voss alt no har bidrege med så mykje støtte. Det er fortsatt omlag to veker til sjølve aksjonsdagen 20. oktober, så me har tru på at Voss herad samla vil bidra med eit stort bidrag til Barnekreftforeningen i år, seier Marit Helgaset som er sekretær for TV-aksjonen på Voss.
På denne sida kan du fylgja med på bidraga til innsamlingsaksjonen fortløpande, samt sjå statistikk frå tidlegare år: Voss Herad (giverstafett.no)
Bodil Sekse