Auken ligg i budsjettet for Voss herad, som vart vedtatt i desember, og vil føra til at eigedomsskatten vil auka med kring 50 prosent i år.
For bustader er det formuesgrunnlaget som Skatteetaten har sett opp i skattemeldinga, som er den antatte marknadsverdien, som er grunnlaget heradet nyttar for å rekna ut eigedomsskatten.
I og med at bustadprisane i Voss herad auker kan det føra til at auken i eigedomsskatt for bustader aukar meir enn kva auken i promillesatsen åleine fører til. Det er viktig at dersom det er feil i formuesgrunnlaget som står i skattemeldinga, må eigaren kontakta Skattetaten for å korrigera dette, slik at grunnlaget Voss herad nyttar, er rett.
Skattegrunnlaget for fritidsbustader har heradet sett etter synfaring i 2020, og endrar seg ikkje. Her er det berre skattesatsen som endrar seg frå 2,1 til 3,1 promille.
Eigedomsskatten vert fakturert saman med kommunale avgifter i tre terminar, og den første fakturaen kjem i slutten av februar. Dersom noko har problem med å betala, er det viktig å kontakta økonomiavdelinga i Voss herad for å få utsett betalingsfrist eller oppdeling av fakturane.
Du finn mykje informasjon om eigedomsskatt på heimesidene til Voss herad, under Skatt, avgift og faktura, eller ved å søkja etter eigedomsskatt i søkefeltet på framsida.