Ny fagarbeidar utdanna i Voss herad

Det er utruleg kjekt for Voss herad som lærebedrift å kunna gratulera Tantine Muhawenimana med bestått kompetanseprøve i barne- og ungdomsarbeidarfaget! 

Me vil òg gratulera alle som har bidrege i oppfølginga, då spesielt Hagahaugen barnehage som har vore lærestaden til Tantine, og Opplæringskontoret for Indre Hordaland, som har vore ein god støttespelar på vegen mot kompetansebeviset.

Me er stolte og glade på Tantine sine vegne!

Lukke til vidare!