Ny frist 15.september for spreiing av husdyrgjødsel.

Dei nye reglane for spreiing av husdyrgjødsel set 15.september som siste frist for spreiing av husdyrgjødsel for alle som driv landbruk i Voss, uavhengig av miljøstatus på vassdraget eller høgde over havet. 

Inger Marie Hernes

Den nye gjødselbrukforskrifta som vart innført 1.2. 2025 set siste frist for gjødsling til 15.september for alle landbruksføretak.  Dette er ei endring frå tidlegare regelverk. For føretak i nedslagsfelt til vassdrag med redusert vasskvalitet, vert dei nye reglane meir liberale, medan andre område i Voss får ei innstraming frå tidlegare. 

I 2025 og 2026 vil det vere ei overgangsordning for regelverket, som frå 2027 krev at det alltid skal haustast etter at ein har gjødsla. (med unntak for gjenlegg av ny eng og tilsvarande)  

Må du søke om utsett frist for spreiing skal dette no sendast til Statsforvaltaren.

Du kan lese meir om gjødselregelverket her