Økonomisk overskot for Voss herad

Voss herad fekk i 2025 økonomisk overskot for første gong sidan 2021. Det er framleis utfordringar – spesielt innan oppvekst

Førebels rekneskap for Voss herad i 2025 viser eit positivt netto driftsresultat på 21 millionar kroner. Dette utgjer 1 % av driftsinntekter på 2 milliardar kroner. Dette er det beste resultatet på 4 år. Resultatet viser at me har klart å gjennomføra omstilling, me har fått litt ekstra inntekter og me står no litt sterkare rusta for framtida. Me trengte ikkje bruka disposisjonsfond i 2025. Det meste av overskotet er sett av til bundne fond, som t.d. vatn og avlaup og tilskot til bundne føremål, og noko er brukt til investering. 

I haust låg me an til å få store meirforbruk i enkelte tenester. Resultatet vart betre enn venta, særskild innan helse og omsorg og teknisk. Med eit resultat på negative 27,8 millionar i minus i 2024 og ein solid pluss i 2025, er resultatet betra med nær 49 millionar i løpet av det siste året.  

Tiltak i kommunalavdelingane gjev resultat 

Kommunalavdelingane går samla med 4 millionar i pluss. Dette er ei kraftig forbetring av drifta. Helse og omsorg har redusert sine netto utgifter med 20 mill.kr samanlikna med prisjustert 2024-nivå. Til samanlikning har utgiftene auka med 41 mill.kr innan oppvekst.

– Eg takkar tilsette, tillitsvalde og leiarar som har bidratt i fyrste del av omstillinga. Det har vore jobba målretta og godt. Måten einingane har følgd opp tøffe og krevjande innsparingstiltak gjer meg stolt over det me har fått til i 2025, seier Martin W. Kulild. 

Kulild legg vidare til: 

– Resultatet syner at det framleis er naudsynt med omfattande grep særskild innan oppvekst. Me må gjera naudsynt omstilling innan kvalitet, økonomi og løysa bemanningsutfordringar i skulane og barnehagane våre. Omstillings- og innsparingsbehov er framleis like store då me må handtera auke i brukarbehov og utgiftsauke på mange område i åra framover.  

Skatt, rammetilskot og andre tilskot frå staten 

Skatteinngangen for kommunane i Noreg auka med 10,8 % frå 2024 til 2025. Dei auka med 14 % i Voss herad, og me fekk inn 632 mill.kr i 2025. Voss fekk vel 720 millionar i rammetilskot og inntektsutjamning. Desse hovudinntektene vart samla om lag 4 millionar betre enn budsjettert. I tillegg fekk Voss vel 7 millionar meir enn venta i integreringstilskot for flyktningar som kom seint på året. 

Disposisjonsfondet aukar  litt

I siste versjon av budsjettet vedtok heradsstyret å bruka 18 millionar av disposisjonsfondet for å dekka meirforbruk i tenestene. Som følgje av auke i sentrale inntekter, lågare finansutgifter og mindreforbruk i nokre tenester har me ikkje trengt å bruka av fondet til drift i 2025.   

– Det at me held fondet om lag uendra, gjer at me står litt sterkare til å dekka uføresette utgifter i framtida, seier rådmann Kulild. Med vel 53 millionar på disposisjonsfond har me likevel ikkje mykje å gå på, og me bør ha minst 100 millionar “på bok”.  

Rekneskapen vart sendt til revisjon 22. februar og det kan koma endringar i tala. Årsmeldinga vil innehalda meir omfattande analyse og forklaring av tala og resultat.