Det var med stor glede at me fekk besøk av Kultur- og likestillingsministeren som kom med nyhende om at regjeringa løyver 17 millionar til opprusting av Gamlekinoen. Dette er eit storstilt prosjekt som gjer det mogleg for å kunna husa blant anna Riksteateret og andre store aktørar i den kulturelle storstova på Voss.
Ein vil ta vare på det unike og historiske uttrykket til bygget og salen, samstundes som ein får moderne fasilitetar med ljos og lyd. Takk til alle som har jobba godt med prosjektet i lang tid!
Mogelegheitsstudie (PDF, 9 MB)