Pressemelding om budsjettframlegget

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan er no sendt ut. I budsjettet fylgjer rådmannen opp vedtaket frå heradsstyret i juni.

Voss herad sitt budsjett for neste år er på 2,14 milliardar kroner og er saman med økonomiplan for 2027-2030 utarbeidd i ei tid der me står overfor både store utfordringar og moglegheiter. 

– Den største utfordringa for kommunen i dag og framover er å halde på, og å rekruttera  kompetente medarbeidarar. Særleg gjeld dette pedagogar til barnehagane, lærarar til skulen, legar og sjukepleiarar innan helse- og omsorgstenestene. Dette er yrkesgrupper som er avgjerande for å kunne oppretthalda gode tenester til innbyggjarane våre, seier rådmann Martin W. Kulild i innleiinga til budsjettet.

Innarbeidde tiltak

I arbeidet med denne økonomiplanen har rådmannen lagt til grunn dei vedtaka som heradsstyret har fatta gjennom den retningsgjevande økonomiplanen før sommaren. Så langt det har vore mogleg innanfor dei økonomiske rammene, er desse vedtaka innarbeida i framlegget som no vert lagt fram.

For 2027 er det lagt opp til eit driftsunderskot på ein prosent, altså minus. Dette vert foreslått finansiert ved bruk av 23,4 millionar frå heradet sitt disposisjonsfond. Med denne takten vil disposisjonsfondet vera tomt i løpet av 2029.

– Det betyr at me har handlingsrom til omstillingar både neste år og året etter, men det avheng av politiske vedtak. Og etter kvart som tida går, vert handlingsrommet mindre og mindre, seier rådmannen.

I framlegget til budsjettet for neste år er satsen for eigedomsskatt foreslått redusert frå 3,1 promille til 3 promille. Det er likevel slik at grunnlaget for eigedomsskatt er Skatteetaten sin vurdering av marknadspris for bustaden. Det betyr at sjølv om heradet reduserer skattesatsen, vert ikkje eigedomsskatten nødvendigvis lågare dersom markandsverdien av bustadane aukar. 

I framlegget er gebyrsatsane justert etter forventa løns- og prisvekst. 

Nye tiltak

Det er ikkje økonomisk handlingsrom for dei store tiltaka utover å handtera den planlagde auka aktiviteten. Av investeringar som ligg inne i dei komande åra kan det nemnas at det i 2028 er lagt til rette for investeringar i barnehage på Bolstad og på Oppheim, og ny barnehage i sentrum i 2029. Voss herad er i samtalar med Sundve FUS om overtaking av barnehagen på Sundve, men i og med at det ikkje ligg føre ei avtale er ikkje dette tatt inn i framlegg til budsjett og økonomiplan. 

Rehabilitering av Gamlekinoen ligg også inne. Dette prosjektet er rekna til å kosta 90 millionar kroner, og av dette skal heradet stå for mindre enn ein tredel. Både ordførar, rådmann og heradsstyret er svært nøgd med at det har lukkast å henta inn så mykje ekstern finansiering til dette prosjektet. 

Vidare handsaming

Formannskapet skal no leggja framlegg til budsjett og økonomiplan på høyring, før dette vert handsama politisk med utlegging til offentleg høyring frå måndag 23. november og endeleg vedteken av heradsstyret 17. desember. 

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan finn du her: Årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030