Rådmannen sitt svar om journalføring

Her kan du lesa innlegget til rådmann Martin W. Kulild om journalføring, som også vart publisert i Hordaland si nettavis 11. juli 2025.

Redaktøren har eit stort engasjement rundt openheit og tillit i Voss herad – det er eg glad for, det gjer oss ein moglegheit til å vurdera, fornya og utvikla rutinane våre.

Som rådmann har eg ansvar for å vurdera kva dokument og opplysningar som er nødvendige for at dei folkevalde kan fatta forsvarlege og lovlege vedtak. Me har sjølvsagt ei plikt til å journalføra og offentleggjera dokument etter offentleglova og arkivlova.

I denne saka, eller andre saker for den saks skuld, har det ikkje vore noko medvite forsøk på å halda tilbake informasjon eller å skjula noko for dei folkevalde eller innbyggjarane. Vurderinga har heile tida vore kva som faktisk er saksrelevant og nødvendig å formidla vidare som grunnlag for sakshandsaminga og vedtaka.

Samtidig er det viktig å skilja mellom grunnlaget for dei saksdokumenta administrasjonen utarbeider og den politiske dialogen som naturleg må kunne føregå mellom folkevalde, både seg imellom og opp mot administrasjonen, i tida mellom sakshandsaminga og dei politiske vedtaka. Slik politisk dialog er ein naturleg og legitim del av demokratiet.

Eg håpar difor at denne debatten, slik ordførar tek til orde for, òg kan føra til ein god og open dialog mellom det politiske nivået og administrasjonen om korleis me best samarbeider til det beste for innbyggjarane og tilliten til heradet. Eg tek med meg dei innspela som har kome, og ser fram til at me i fellesskap styrkjer både openheita og rutinane våre vidare.

Etter intervju med Kai Aage Pedersen, i e-post av 3.7.25 knytt til sitatsjekk, la rådmannen til følgjande – som ikkje vart med i saka på nett 9.7.25 eller til papirutgåva 11.7.25: Tilleggsopplysning/kommentar frå rådmannen:

Det er ikkje uvanleg at innbyggarar og næringsdrivande sender e-post til heradet for å påverke sakshandsaming og politiske avgjersle. Noko sendast direkte rådmannen frå politikarar, for å gjera han merksam på kva som kjem til å kome i påfølgjande politiske møte. Det er dei som sendar e-post til heradet som bestemmer kven dei vil senda til, administrasjonen sender ikkje vidare dokument som ikkje er sakshandsama/våre dokument. Dei som ber oss om å distribuera dokument, får e-post i retur, med liste over e-postadresse til alle politikarane våre – så vel dei sjølve kven dei vil senda til.

– Martin W. Kulild, rådmann i Voss herad