Reagerer sterkt på skjending av Veteranbautaen

Ordførar, rådmann og kommunalsjef teknisk reagerer kraftig på skjendinga av Veteranbautaen, der to namngjevne verksemder vart omtala  negativt. 

Voss herad vil med dette kommentera skjendinga av Veteranbautaen på Holbergsplass.

Å ta i bruk minnesmerket på det viset som skjedde i går, tek me sterk avstand frå og finn slik framferd heilt uakseptabel. Skjendinga viser ingen respekt for minnesmerket, ingen respekt overfor dei som vart uthengt og ingen respekt for dei prosessane me trass alt prøver å få til som handlar om mindre konflikt og meir samhandling. Arbeidet er krevjande nok som det er, om ikkje dette skal koma på toppen.

Voss herad har fått formidla reaksjonane som er kome frå dei tilsette i Spilde Entreprenør AS og i Jordalen Entreprenør AS etter skjendinga i går. Det er ikkje akseptabelt at tilsette og eigarar som bidreg til verdiskaping i vossasamfunnet skal verte utsett for slikt. Dei skal verdsetjast og verta møtt med respekt på lik linje med alle andre, og alle i dei to selskapa er ressursar for lokalmiljøet. 

På Bømoen er det ulike aktørar som per i dag er ueinig og som  i framtida må kunne samarbeida og leva side om side. I ljos av det må utgangspunktet vera å prøva og bygga vidare på dei stega me får til i rett retning, heller enn å øydeleggja eit kvart framsteg. Gjer me det fyrste, vil me leita etter løysingar og få til samarbeid. Gjer me det siste, vil me halda fram med konflikt og sterke motsetnader. 

Målet for heradet er ei framtid på Bømoen, der luftsporten, beredskapen, flyplassrelatert verksemd og næringsverksemd kan leva side om side. I det perspektivet treng alle aktørar drahjelp. Det som skjedde i går var ikkje drahjelp, det var bensin på bålet. Akkurat det me, altså heile vossasamfunnet, ikkje treng. 

 

Tonje Ljones Såkvitne, Ordførar

Martin W. Kulild, Rådmann

Hans-Erik Ringkjøb, Kommunalsjef tekniske tenester