Viltforvaltar Ingmar Slettemark har funne fôrvert der andeungane kan veksa seg sterke nok til å klara seg sjølve.
Tor H. Halvorsen
Torsdag vart ei stokkand påkøyrd på E16 på Evanger. Bilføraren gjorde alt rett, og ringte politiet. Politet ringte så viltforvaltaren som fann dei ti andungane i vegkanten.
- Desse er knapt eit døgn gamle, og ville ikkje klart seg meir enn til i morgon om dei ikkje vert tekne hand om. Dei kan ikkje leva meir enn toppen eit døgn utan varme, seier Ingmar Slettemark.
Han fortel dei små andungane ikkje var lette å sjå, men etter litt tid høyrde han pip frå grøfta, og der sat dei ti små andungane.
Mattilsynet vert no orientert om at Voss herad har tatt hand om andungane, og kva som no skjer med dei små fuglane.
Dei ti andeungane hadde gøymt seg farleg nær E16 då Ingmar fann dei
Ingmar Slettemark
- Me har funne ein fôrvert som vil fôra dei opp til dei klarer seg sjølve, og dei er då fri til reisa dit dei vil når dei ynskjer det. Desse vert fôra opp som villfugl, seier viltforvaltaren.
Han seier det er svært sjeldan at han er borti slike saker.
- Oftast reisar eg ut for å avliva dyr som er skadde, så det er triveleg å reisa ut for å redda dyr, seier Ingmar Slettemark.