Det er eit kriterium at den enkelte person erkjenner at dei har problem med sinne/vald og ynskjer, samt er motivert for å jobba med problematikken. Tilbodet vert primært utført i grupper, men kan også ved behov gjennomførast individuelt.
Kort om tilbodet
Gruppa vil bestå av 4-6 deltakarar og to terapeutar. Før sjølve gruppetilbodet tek til vert det gjennomført individuelle samtalar med alle deltakarane, avhengig av omfang kan det verta opp mot fire samtalar. Her er det to samtalar der deltakaren snakkar aleine med terapeut(ar). Dersom det er aktuelt blir det også gjennomført samtale saman med deltakar og partnar, eventuelt eks -partnar, i tillegg til ein samtale der terapeut(ane) snakkar med born(a) til deltakaren.
Når gruppetilbodet tek til vil gruppa møtast ein gong i veka i opp til 15 veker. Kvart møte vil vera på kring to timar. Mellom timane vil deltakarane også få heimeoppgåver som dei skal arbeide med.
Terapeutane
Terapeutane er godkjente til å utføra sinnemeistring Brøset-modellen. Terapeutane har teieplikt jf. Fvl § 13, men avhengig av kva som kjem fram i forløpet, kan det aktivere meldeplikt og avvergingsplikt jf. Bvl § 13-2 samt strl § 196.
Alle som er tilknytt gruppa vil ha teieplikt, både terapeutar og gruppemedlemmer.
Kontaktinfo
Kan dette vere noko for deg?
Ta kontakt med Barne- og Familiehjelpa på e-post:
postmottak.bof@voss.herad.no