Smalahoveslepp, og smalahove på bordet for alle!

Også dette året serverer Smalahovetunet ferdigkokte smalahove med korv, potet og nepestappe til alle barnehagane i Voss herad. Det vart ein stor suksess i fjor, med masse gode tilbakemeldingar frå barn og tilsette i barnehagane. Smalahovetunet synest det er viktig at ungane lærer seg kva tradisjonsmat er, og det er me alle heilt einige i. 

Utdeling av smalahove er lagt til veka før Smalahovesleppet, og måndag og tysdag denne veka fekk barnehagane henta seg middag på Smalahovetunet. Det vart delt ut heile 300 hove! Som dei seier på Smalahovetunet: «Smalahovesleppet bør vera for alle»!  

Barnehagane har laga teikningar, og andre kreative ting, som «takk for maten», og desse tinga vert vist fram på Smalahovesleppet på Vangen på laurdag.

Barnehagane melder om at dette er eit fantastisk tilbod som dei set utruleg pris på. Barna kosar seg med maten, og dei vaksne i barnehagen er flinke til å formidla til barna dei tankane som ligg bak Smalahovetunet sin visjon.    

Ja, barna i barnehagane våre skal få oppleva matglede og matkultur, og då er kunnskap om lokale tradisjonar, ulike råvarer og utnytting av desse, viktig å ta med seg.

Me seier takk for maten, og takk for initiativet! 

Foto: frå Voss barnehage og Hagahaugen barnehage.  Randi Hommedal viser, fortel og deler kunnskap med dei små.