Beitesesong og yngletid krev at me som nyttar natur og utmark må vere ekstra merksame på ansvaret me har, slik at vår bruk ikkje fører til skade på tamme og ville dyr.

Voss herad kjenner til at einskilde nyttar elektrisk gjerde for å halde dyr vekke frå bil og hyttetomt. Det er då viktig å vere merksam på at ei føresetnad for dette er at
- Gjerdet skal ha dagleg tilsyn
- Gjerdet skal vere tilknytt straum heile tida.
- Når du forlèt hytta/området skal gjerdet fjernast fullstendig
Straumgjerde utan straum er ei potensiell dødsfelle for beitedyr og andre dyr, og kan ikkje stå oppe når du forlèt fritidseigedomen din.
Me minnar og på bandtvang for hund. Fuglar og dyr er i den hektiske yngletida og har sårbare ungar. Beitedyra er no også på full fart på veg ut på beite i utmarka, husk at hunden alltid skal vere i band.
Elles ynskjer me alle ein fin sommar med gode og sanselege opplevingar i naturen på Voss!

Husk å ta med deg all søppel heim (også evt. toalettpapir!) lukk grinder, følg stiar, ikkje forstyrr dyreliv eller buskap og sørg for at naturen er like fin når du forlèt han som da du kom.