Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Spelemidlar

Spelemidlar

 Søknadar om spelemidlar har frist 1. november 2021. Ta kontakt med kommunen om de ynskjer å søkja spelemidlar til anlegg i kommunen

Lag og organisasjonar kan få hjelp til søknad om spelemidlar til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. 

Ta kontakt med kommunen før du søkjer. Har du allereie eit anleggsnummer kan du logga inn på www.anleggsregisteret.no og søkja der.

 

Søknadane vert behandla i Utval for kultur og næring innan 15. januar kvart år. Deretter vert søknadane oversendt fylkeskommunen for vidare handsaming. Tilbakemelding på tildeling er i juni.

Samstundes minner me om at frivillige lag og organisasjoner som har bygt eller rehabilitert idrettsanlegg, nærmiljøanlegg eller anlegg for friluftsliv i fjellet kan søka på ordninga om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

Søknadsfristen er 1. desember 2021. Meir informasjon og søknadsskjema finn de hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet.