Kvart år arrangerer Eldrerådet i Voss herad Eldrefesten, som ei markering i høve FN sin internasjonale dag for eldre. Dagen skal setja søkjelys på, og fremma rettar for eldre. FN har erklært 2021-2030 for tiåret for sunn alderdom.
Omlag 200 personar tok turen til Vossasalen denne dagen. Varaordførar Benedicte Kragh stod for opningstalen, og Lars Konrad Bonsaksen gjorde ein knallgod jobb som festleiar gjennom heile arrangementet. Dei oppmøtte vart mellom anna underholdt med trekkspelmusikk og song frå Odd Hagen og Leif Inge Underdal. Einar Midtun fortalde om ho gamle Marta på Bakka av Per Sivle og Hallbjørg Gjøstein kunne mellom anna fortelja om når ho møtte ho møtte Marta i seinare tid.
På menyen stod det svinenakke med rotgrønsaker og puré og nydeleg sitronfromasj til dessert.
Eldrerådet takkar for ein flott kveld, no det berre å byrja nedtelling til neste år!