«Ta ei pota, Voss!»

Eigenberedskapsveka møter Grøn november, og kva er det som er bra både for beredskapen og for ressursutnyttinga lokalt? Poteter har redda mange frå svolt i vanskelege tider, men møter i dag hard konkurranse av langreist ris og pasta. Sjølv om jordbruksareala på Voss er godt eigna for potetdyrking, er det få som dyrkar poteter for sal lokalt.  

Måndag 3. november heidrar me potetene på Matauk. Det vert mogleg å handla kortreiste poteter og smaka på ulik mat laga av poteter. Kom innom mellom kl. 15 og kl. 17 og ta ei pota!