Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Det er flott at mange vil ut på skitur i påskeferien, men ein sein påske er dårleg nytt for reinsdyrsimler som ventar kalv. Simlene trekkjer no mot kalvingsområda sine, og opp mot kalvingstida er dei særleg sårbare for forstyrringar. Sjølv fredelege turgåarar kan utløysa panikk hos reinsdyra, og det er ein fare for at simlene aborterer kalven dersom dei må bruka mykje energi på fluktåtferd. 

Det er difor veldig viktig at skituristar tek omsyn dersom dei ferdast i område der det kan vera villrein. Me vil her trekkja fram området opp Slettedalen til Bakkanosi, området kring Nonhaugen, Volaområdet (vest og nord for Lønahorgi), Raudafjell (Grindafletområdet) og Aurlandsfjella (nordover frå Hallingskeid). Det er vanlegvis stor utfart frå Vikafjellsvegen i påska, og her kan ein også koma i nærleik av reinsdyr på båe sider av vegen.

Her er nokre gode «villreinvettreglar» som me oppmodar alle om å fylgja:

  • Respekter bandtvangen som gjeld frå 1. april og hald hundar fysisk i band.  
  • Fylg stikka skiløyper så langt som mogleg. 
  • Dersom du treff på en villreinflokk, ta omsyn til vindretninga; syt for at vindtrekken går frå reinsdyra mot deg, ikkje frå deg mot reinsdyra. Gå ein omveg og prøv å unngå forstyrringar.

 

Sveinung Klyve