Transport heim frå ungdomsklubben måndag og onsdagar

Er du mellom 13 og 19 år og treng skyss heim etter ungdomsklubben Vangsgryto måndagar eller onsdagar?

Tilbodet er meint for ungdom som bur i utkantar der det ikkje går buss eller tog i dette tidsrommet og gjeld dei dagane ungdomsklubben er open.

Trygt Heim er eit transporttilbod for ungdom som bur i retningane Granvin, Raundalen, Bordalen og Kyte/ Oppkvitno.

Slik fungerer ordninga

  • Transport må bestillast innan kl. 18.00 same dag.
  • Rutene køyrer berre dersom transport er bestilt innan fristen kl. 18.00.
  • Taxien køyrer til fastsett endestasjon og stoppar undervegs ved behov.

 

Det er ulike rutinar for bestilling av transport avhengig av kvar du skal:

Skal du i retning Granvin, Raundalen eller Bordalen?

  • Transporten skal bestillast på Voss Taxi si heimeside.
  • NB: Merk bestillinga med LTU, namn, alder og telefonnummer.
  • Pris: 30 kr. per person. Betaling skjer direkte til sjåføren.

Skal du i retning Kyte/ Oppkvitno?

  • Denne ruta er eit tilbod gjennom Skyss Bestilling tilbod. Transport må difor bestillast innan kl. 18.00 i appen Skyss, som er tilgjengeleg i App Store og Google Play.
  • På denne ruta gjeld ordinær billettpris.
  • Du finn meir informasjon om ruta og korleis du bestiller transport her: Bestillingstransport

Viktig å vita:

  • Alle rutene vert køyrde av Voss Taxi, uavhengig av om bestillinga går gjennom Skyss-appen eller direkte til Voss taxi.
  • Taxi-tilbodet gjeld i tidsrommet rundt kl. 21.00. Dersom det er mange bestillingar samstundes, må du rekna med noko ventetid.
  • Tilbodet er for ungdom mellom 13 og 19 år. Dersom det er ledige sete når bilen køyrer, kan vaksne sitja på for kr. 60,- per person.
  • Har du bestilt transport og ikkje møter opp, får du ein månad karantene frå ordninga.

 

Ruta til Vossestrand og Bolstad er ikkje omfatta av ordninga. Dette kjem av at det går rutebuss til Vossestrand kl. 20.55 og tog til Bolstad kl. 21.07.