I Voss og Hardanger står det mange tomme hus, og nokre av dei er tomme fordi det ikkje er forsvarleg å bu i dei. Det kan handla om utrygg grunn eller bratte fjellsider som trugar med å rasa ut. Ein del av desse husa består av framifrå trematerialar og bør reddast før det er for seint. Prosjektet Tun for heimlause hus går ut på å etablera eit tun med slike hus. Målet er å skapa eit levande tun som viser korleis sirkulære prinsipp kan takast i bruk i byggsektoren.
Tun for heimlause hus fekk støtte frå Klimasats, og Bruket Arkitektur har no levert moglegheitsstudien: Tun-for-heimlause-hus_v2.pdf
Dei som vil lesa, vert tilrådd å lasta ned rapporten då webversjonen har litt uklar skrift.
Heradet tek moglegheitsstudien med vidare inn i kunnskapsgrunnlaget til bustadstrategien som vert arbeidd med. Klarar me å etablera eit slikt tun som verkeleg tek innover seg både kulturarv, ombruk, inkludering, deling, fellesskap og ein blanding av ny og gamal arkitektur? Og kva skal i så fall kommunen si rolle i realiseringa vera?