Vel gjennomført Eldrefest!

Onsdag 15. oktober vart årets eldrefest gjennomført i Vossasalen på Park hotel. Stemningen var god og latteren satt laust hjå dei omlag 200 oppmøtte denne dagen. 

Eldrefesten er eit årleg arrangement i regi av Eldrerådet i Voss herad, som ei markering i høve FN sin internasjonale dag for eldre som er 1. oktober. Grunna stor pågang på hotellet vart eldrefesten i år flytta til 15. oktober, men det satte ingen stoppar på det gode innhaldet. 

Varaordførar Benedictge Kragh held opningstale medan Lars Konrad Bonsaksen leia forsamlinga gjennom festen. Frå scenen kom det fleire gode innslag, og latteren satt laust då Kirsten Gjersvik song og las om tida som går. 

Me gler oss allereie til neste år!