Velkomen til ope møte om framtidige retningslinjer for utleige av Torget
Tysdag 20. oktober kl. 15.00–16.00 i kantina på Tinghuset inviterer Voss herad leigetakarar, næringsliv og huseigarar til eit ope innspelsmøte om framtidige retningslinjer for utleige av Torget.
Sist endra 24.09.2026 15.18
Voss herad har starta arbeidet med nye retningslinjer for Torget og inviterer difor til eit ope møte for å samla erfaringar og innspel frå dei som nyttar Torget eller vert påverka av aktiviteten der. Innspela vil vera eit viktig grunnlag for å utforma føreseielege retningslinjer som balanserer omsynet til aktivitet, næringsliv, arrangement og eit levande sentrum.
Me håpar du har høve til å delta, og ser fram til ein god dialog om korleis Torget kan nyttast best mogleg i åra som kjem.
Skriftlege innspel kan sendast til postmottak@voss.herad.no innan 22. oktober.
Vel møtt!