Voss Energi med lokal energiutgreiing for Voss herad

Energikommisjonen uttrykte «meir av alt raskare», men fasiten i Noreg er at det har blitt mindre kraft- og nettutbygging og alt går langsamt. Samstundes vert NVE og energibransjen utfordra på kva som er potensialet for ny fornybar energi og energisparing.

Kva er stoda i Voss herad? Kor mykje vert produsert av kraft? Kva er energiforbruket i heradet? Har me nok nettkapasitet til ynska utvikling? 

Les om alt dette – og mykje meir – i Lokal energiutgreiing 2025:

Lokal energiutgreiing 2025 (PDF, 3 MB)

Lokal energiutgreiing 2025 er del av arbeidet med å få på plass eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag til  revisjon av kommuneplanen.