Ystås klyngjetun blir freda

Riksantikvaren har formelt freda klyngjetunet på Ystås i Voss herad. Dette er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun. Gardstunet på Ystås ligg omlag 300 meter over havet, tre kilometer vest for Eide, som var bygdesenteret i tidlegare Granvin kommune.

– Landbruket er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom å freda Ystås, sikrar me at dette godt bevarte klyngjetunet blir teke vare på for generasjonane etter oss. Dette er ikkje berre ei freding for Voss herad og Vestland fylke, men for heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Les meir om fredinga av Ystås klyngjetun her: 

Vestland fylkeskommune – Ystås klyngjetun blir freda

Arlen Bidne / Vestland fylkeskommune