I handteringa av ekstremvêret legg Voss herad opp til eit tett og aktivt forhold til media. Me vil senda oppdaterte meldingar etter kvart statusmøte, i statusane vil me også klargjera når neste statusmøte er planlagt.
Etter møta vil også ordførar Tonje Ljones Såkvitne vera tilgjengeleg for intervju. Det er ordførar som er vår talsperson i samband med ekstremvêret.
Stabssjef innbyggjarservice, Tor H. Halvorsen vil også vera tilgjengeleg for spørsmål frå media, og vil bistå med å leggja til rette for media. Han vil også stå som avsendar av pressemeldingar og andre statusoppdateringar.
Du vil finna alle pressemeldingane våre under fana Fortløpande informasjon.
Kontaktinformasjon:
Tonje Ljones Såkvitne, ordførar, telefon 957 51 635
Tor H. Halvorsen, stabssjef innbyggjarservice, telefon 908 29 168