Det går mot jol, og på Vossestrand Omsorgstun har rampenissen tatt seg til rette. Her vert alle dei ulike tenestene testa ut. Leiker på kjøkken på langtidsavdelinga, bygger tårn hjå vaktmester, speler i band i heisen, papir-tull på leiarane sine skjermar og roter hjå dagavdelinga. Han speler òg høg musikk på morgonkvisten i garderoben, og me ler godt!
Rampenissen ser ut til å ha busett seg på tinghuset i år, i gangen i andre høgda.Me er på saka, og har faktisk funne ut kor rampenissen bur, og det er vel ingen overrasking at han bur på tinghuset. Meir presist i gangen i 2. etasje.
Askeladden i kulturhuset
Laurdag er det klart for ei eventyrleg framsyning om ei førjulstid, med nøtter, nissar og ein lur rev. Spørsmålet er om jolanissen kjem til Askeladden i år. Passar for alle som vil koma i jolastemning. Meir informasjon her: ASKELADDENS JUL// "Kjem Julenissen til Askeladden i år?" | Voss kulturhus
Kulturfest sist fredag
På fire timar sist fredag fekk vel 400 publikummarar oppleva ein stor og god smakebit av kva som rører seg i kulturbygda Voss. Kvelden vart kanskje toppa då Erlend Styve fekk kulturprisen
Voss herad var finalist som årets kulturkommune tidlegare i år, og denne veka var heradet finalist som årets frivilligkommune. I begge finalane vart det berre nesten, men det sette ingen dempar på den store kulturfesten i biblioteket på Voss kulturhus fredag kveld.
Gjennom eit fullspekka program fekk eit heilt fullsett bibliotek sjå litt av kva som rører seg i kulturbygda. Og publikum let seg både imponera og underhalda gjennom det nesten fire timar lange programmet.
Publikum fekk oppleva klassisk musikk, folkedans, folkemusikk, klassisk musikk kombinert med folkemusikk, korsong frå både Voss og Ukraina, musikkorps, rock, revy og rockabilly.
Ein svært overraska, glad og rørt Erlend Styve fekk kulturprisen av utvalsleiar Håvard Skattum. Kulturprisvinnaren kunne fortelja salen at det er jubileum for ha i år, det er nemleg 40 år sidan han starta å spela i band i år. Og takka både for prisen og for at folk kjem på konsertar, før han og resten av bandet Twang Gang på sedvanleg vis fekk det til å svinga frå senen.
Planen for den store kulturfesten vart lagt då kulturavdelinga var i Drammen som finalist i kåringa årets kulturkommune. Sjølv om Voss herad ikkje nådde opp, var kommunalsjef Trude Letnes alt då krystallklar på at nominasjonen måtte feirast. Skikkeleg. Og inviterte like godt heile heradet til fest og feiring, saman med det frivillige kulturlivet.
Opplæring i helse og omsorg
I tråd med kompetaneplanen har det i 2025 vorte gjennomført opplæring på fleire nivå og områder her kjem 2 av tiltaka som er gjennomført.
Helse og omsorg har denne hausten samarbeidd med fagskulen Tirna om norskopplæring for framandspråklege i tenesta.
10 tilsette har gjennomgått eit 50 timars kurs i norskopplæring og grunnlggjande ferdigheitar i blandt anna journalføring, kommunikasjon og lovverk i helsesektoren. i går kveld var det avslutning med 10 velsig entusiastiske elevar som seier dei har fått mykje ut av dette kurset og føler seg betre rusta i omsorgsyrket. me gratulerer deltakarane med vel gjennomført kurs.
Helse og omsorg har og samarbeid med fagskulen Diakonova om vidareutdanning i medisinske prosedyrar og observasjonskompetanse 10 studiepoeng. 12 tilsette har i haust gjennomført denne utdanninga og er svært fornøgde. Dei melder tilbake : Dette har vore svært lærerikt. Me gler oss til å ta i bruk ny kunnskap og føler oss trygge og kompetente. Gratulerer til 12 superhelsefagarbeidarar.
Lågare sjukefråvær
Sjukefråværet for 3. kvartal 2025 er på 5,8 %. Dette er ein nedgang på 1,9 prosentpoeng samanlikna med same kvartal i fjor. Talet er det lågaste registrert dei siste fem åra, uavhengig av kvartal. I 3. kvartal ligg Voss herad betre an enn gjennomsnittet i kommunal sektor i Norge, 5,8 prosent mot 7 prosent.
Leiarsamling
Tysdag var alle leiarane i Voss herad, samanvmed hovudtillitsvalde og hovudverneombod samla til leiarsamling. Målet for samlinga var å motivera til omstilling og endring.
Mellom anna vart det presentert fire ulike endringar frå eigen organisajson. Dei fire endringane og omstillingane som vart presentert var frå helse og omsorg gjennom Tørn-prosjektet, omstilling i reinhaldsavdelinga, innsparingar i stab og flytting av ungdomsklubog frivilligsentral til kulturhuset.
Poenget med å fortelja om endringane, var peika på både kva moglegheiter og motstand ein kan få når endringar om stillingar skal setjast i verk. Mats Arnestad, som er prsykolog og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, fekk halve dagen til å snakka om krafta i laget og kultur for å hjelpa kvarandre.

Lussekattar på Vossestrand
Hauge Barnehage hadde luciafering hjå Vossestrand omsorgstun torsdag. Borna kom inn i avdelingane, song og dansa og alle fekk gode lussekattar.