Nyheitsbrev 16. oktober

Stikkord for nyheitsbrevet: Slik sluttar du å lagra skjermbileta, oppmoding om å slutta å klikka på den falske e-posten frå økonomisjefen, siste om TV-aksjonen og FN-jogg, nytt frå kulturhuset, ombrukssentral og refleksdag. 

Søndag går årets TV-aksjon av stabelen. Inntektene i år går til Flyktningehjelpen. TV-aksjonen skal bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre butilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. Les meir om Voss herad si rolle under aksjonen her. TV-aksjonen

I dag, fredag, har Palmafossen skule hatt samling til inntekt for TV - aksjonen. 

Dei starta dagen ute med dans, og sprang deretter fotballbana i ein time. På førehand fekk elevane høve til å skaffa seg "sponsorar" som kunne støtta TV aksjonen med fast sum - eller ein sum per runde elevane sprang.

Eit vellukka arrangement til inntekt for ei viktig sak. Ein dag med godt engasjement og god aktivitet. 

Palmafossen skule oppmodar alle om å støtta TV - aksjonen om dei får bøssebærarar på døra i helga. 

Også fleire andre skular og barnehagar har hatt fokus på TV-aksjonen, og Gullfjordungen skule  samla tidlegare i veka inn over 24.000 kroner, til dømes gjennom skulejogg. 

Og aksjonsleiinga til Voss herad har sjølvsagt bruk for bøssebærarar: Bli bøssebærar

Ombrukssentral i emning

Det skal etablerast ein ombrukssentral på Voss, og neste torsdag, 22. oktober, vert det halde prosjektverkstad om dette hjå Voss Virka i Bjørkemoen. Denne verkstaden er open for alle som ynskjer å bidra til å realisera ein ombrukssentral. Les meir her: Ombrukssentral

Skjermbilete på lager

Visste du at alle skjermbileta du har tatt vert lagra i bildemappa di? Altså, om du brukar shift+windows+s og tek eit skjermbilete av noko du ser på. Nokon gjer dette nokså ofte, og i PC-en er det automatisk slått på at desse vert lagra. For å finna ut av dette, søk etter Utklippsverktøy eller Snipping Tool nederst til venstre på skjermen eller i Startmenyen.

Vel Innstillinger eller Settings på dei tre prikkane til høgre så kjem du inn på dei rette innstillingane og kan velja om du vil lagra dei eller ikkje. Sikre kjelder seier det er sentrale medarbeidarar som hadde over 1600 bildefiler liggande der, som no er sletta. 

Har du gjort det rett, kan det henda du får ein e-post frå microsoft. Den kan også sletta, den er etter vårt syn ikkje arkivverdig

Phishing

Oktober er nasjonal sikkerheitsmånad, der det er mykje fokus på datatryggleik. 

For ei tid attende, onsdag i haustferien, fekk me ein e-post som gav seg ut for å vera frå økonomisjefen, med ei lenke. Mange reagerte på denne, og både rapporterte og varsla frå. Det var rett, dette var ein falsk e-post som IT sendte ut for å måla organisasjonen på tryggleik. 

Akkurat denne kampanjen er over, og IT jobbar no med å analysera resultatet. Frå den kanten vert det no oppmoda om å slutta å klikka på lenkja, det er kome inn godt over 50 nye klikk etter at IT informerte om at e-posten var ein phishing-e-post.  

Oppmodinga elles er, tenk før du klikkar. 

Torsdag 15. oktober var refleksdagen 2026 

Refleksdagen er ein årleg merkedag – alltid tredje torsdag i oktober. I år markerte me dagen torsdag 15. oktober. Målet er å minna folk om å bruka refleks. I år har refleksdagen 20-årsjubileum.

Palmafossen skule markerte dagen på morgonen. Kl. 8 og til skulestart møtte foreldre (i regi av FAU) med refleksvestar, og stod vakt rundt skulen og passa på at alle elever kom seg trygt fram, minna om refleksbruk og passa på at ein ikkje parkerte eller slapp av og på elevar i Hjartesona. Trygg trafikk sponsa kvar elev med refleks, som dei fekk utdelt på slutten av dagen. I tillegg stilte Voss brannvern opp med brannbil med blålys - til stor glede for barna.

Takk til FAU, foreldre, Trygg trafikk og Voss brannvern som stilte opp på markeringa!

Eventyr på boks i kulturhuset 

Vekas tips frå Voss kulturhus er Eventyr på boks, magisk teater for dei minste. Dette skjer søndag 18. oktober kl 14. 

Midt på scena står ein mystisk boks. Kva gøymer seg inni denne? Når lokket opnar seg, byrjar eventyret. Les meir og finn billettar her: Eventyr på boks