Prosjektverkstad om ombrukssentral på Voss

Det skal etablerast ombrukssentral i Voss herad, og torsdag 22. oktober vert det halde prosjektverkstad i Voss Virka sine lokale på Bjørkemoen. Prosjektverkstaden er open for alle som ynskjer å bidra til å få ombrukssentralen realisert. 

Det skal etablerast ein ombrukssentral i Voss herad. Spørsmålet er korleis. Korleis skal me få det til? Korleis kan dette organiserast? Kven vil, kan, bør eller må ha ei rolle? Kva type materialar, møblar eller utstyr kan ombrukssentralen handtera? Korleis kan me samarbeida på tvers av private og offentlege aktørar?

Voss Virka og Bruket Arkitektur vann oppdraget med å utarbeida ein moglegheitsstudie om ombrukssentral på Voss (midlane kjem frå Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet). Med seg på laget har dei fått Resirqel, som har erfaring med å driva ombrukssentral andre stader. 

Alle som er interesserte i å bidra til å få ombrukssentralen realisert, er invitert til å delta på ein prosjektverkstad torsdag 22. oktober kl. 11.30-15.30, i Voss Virka sine lokale på Bjørkemoen 46. 

Meld deg på via lenka under:

Påmelding til prosjektverkstaden

Dato: 22. oktober 2026

Tid: kl. 11.30 - 15.30

Stad: Voss Virka, Bjørkemoen 46