
Voss sin nye brannstasjon er kåra til årets brannstasjon 2026. Kåringa skjedde under konferansen Brann og Redning 2026.
Konferansen er i regi av tidsskriftet Brann og redning, og Voss brannstasjon vann kåringa i skarp konkurranse med Kastellet brannstasjon i Oslo og stasjonen til Indre Østfold brann og redning.
Voss brannstasjon stakk av med sigere med denne grunngjevinga frå juryen:
Voss brannstasjon scorer samla sett høgt på mange av kriteria som ligg til grunn for kåringa. Det nye beredskapssenteret er meir enn berre ein brannstasjon. Det er utvikla som eit moderne senter for beredskap, samhandling og arbeidsmiljø, og juryen meiner heilskapen gjer at Voss går til topps.
Både David Skjerven og Stig Rune Århus er til stades på konferansen, og tok i mot prisen.
Hør NRK intervjua brannsjef David Skjerven her: Vestland i dag
UAS Voss
Internasjonal pris til Voss aktivitetspark
Voss aktivitetspark har fått tredje plass ei internasjonal kåring av landskapsarkitektur. Prisen vart delt ut under City`Scape Symposium i Milano 18. september.
Aktivitetsparken vår vann prisen i kategorien City Sport & Play, i konkurranse med 400 andre prosjekt frå 32 land.
Voss aktivitetspark er utarbeidd av landskaptsarkitektane Østengen & Bergo på oppdrag frå Voss herad.
City`Scape Award er ein prestisjefull, internasjonal arkitekturpris dedikert til landskapsarkitektur, og vert arrangert av det italienske fagtiddskriftet Paysage i samarbeid med magasinet Topscape og det nasjonale arkitektrådet i Italia. Målet er å løfta fram innovative, berekraftige og samfunnsnyttige landskapsprosjekt som integrerer natur og bygd miljø.
Østengen & Bergo stakk av med to prisar under utdelinga. Prosjektet Torghatten på Helgeland vann andre plass i kategorien Tourism Landscape og altså tredje plass for Voss aktivitetspark i kategorien City Sport & Play.
Voss herad gratulerer landskapsarkitektane og vert endå stoltare av den flotte aktivitetsparken.
Psykt bra oktober
Voss herad markerer verdsdagen for psykisk helse gjennom ein heil mpånad, nemleg Psykt bra oktober.
Det vert arrangert gratis aktivitetar, møteplassar og føredrag for ulike aldersgrupper. Psykt bra oktober er eit samarbeid mellom frivilligheita, næringslivet og Voss herad, og inneheld ei rekkje arrangement som alle er gratis og utan påmelding. Klikk deg inn på lenkja og les heile programmet og få med deg ei helsing frå ordføraren: PSYKT BRA OKTOBER - Voss herad
Forseinka influensavaksine
Grunna produksjonsvanskar er leveransen av årets influensavaksine til legekontora forsinka.
Det er Folkehelseinstituttet, FHI, som har meldt at forventa leveranse av årets influensavaksine først kjem i veke 46. Dette tidspunktet kan endra seg. Les om årets vaksine og gode råd frå Folkehelseinstituttet her: Fakta om årets influensavaksine FHI om influensavaksine
Les meir om influensavaksine på våre temasider: Vaksine

Ny bokbuss
Etter fem år med venting og planlegging har me endeleg fått ny bokbuss! Bokbussen starta opp med ein tur til Bjørgum skule. Etterpå var det ein meir høgtideleg markering på kulturhuset, der mellom anna ordførar, rådmann med fleire var til stades. Fylkesbiblioteket var også representert.
Biblioteksjefen heldt ein liten tale og takka varmt alle som har bidrege i arbeidet for den nye bussen. Noreg sin første el-bokbuss!
Bokbussbibliotekar Nils Bjarne viste fram bokbussen og seier seg godt nøgd, slik han er no.

Opning av nye Skulestadvegen 78
17.september hadde Voss herad, avdeling menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) offisiell opning av det flotte nybygget i Skulestadvegen 78. Om lag 40 personar var tilstades på opninga, mellom anna ordførar, rådmann, kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef samfunnsutvikling og kultur, prosjektleiar i bygg og eigedom, representant frå utbyggjar, tilsette, bebuarar, pårørande og naboar.
Skulestadvegen vart fyrste gong tatt i bruk i 1992, altså for 34 år sidan. Då var det fem like leilegheiter og ei vart tatt i bruk som personalbase. Mykje har skjedd på 34 år så denne oppgraderinga no er kjærkommen.

Me har no fått nytt fint fellesareal og personalbase, 2 nye omsorgsbustader, parkering, uteplass med overbygg, carport og ladepunkt.
Ved å gjera denne livsløpsoppgraderinga no så har ein stetta krava til arbeidsmiljø og fått nye bustader med døgnbemanning, noko som me treng i heradet. Då det allereie har ei velfungerande drift i Skulestadvegen så har ein kunna drifta det vidare som før utan endringar.
Festen baud på musikalske innslag beståande av medlemmer av Supergruppo, flotte talar og gode ord, samt pizza frå produksjonskjøkkenet og kake.
Ein vellykka opningsfest av det flotte nye bygget!
Sigrid Moldestad i kulturhuset søndag
Det er framleis att nokre billettar til konserten med Sigrid Moldestad i Voss kulturhus søndag.
Sigrid Moldestad sleppte sitt niande soloalbum, Vegane vi vandrar, 6. mars 2026.
Etter ein svært vellukka releaseturné med bandet er ho no klar for nye konsertar.
Med Vegane vi vandrar har Moldestad laga sitt kanskje mest personlege og utleverande album sidan solodebuten Taus frå 2007 – albumet som gav henne Spellemannprisen.
På den nye plata vender ho blikket innover. Vegane vi vandrar er ei ærleg og nær skildring av livet midtvegs – om kjærleik som går skeis, om barn som flyttar ut, og om redsla for å miste dei som står ein nærast. Om lengta etter røter, og frykta for å gro fast. Meir informasjon om billettar her: SIGRID MOLDESTAD- Vegane vi vandrar | Voss kulturhus

Ingeborg Hellesnes Uppheim vert organisasjonssjef
Ingeborg Hellesnes Uppheim (37) er tilsett som organisasjonssjef i Voss herad. Ho er i dag vår kommunalsjef for oppvekst.
I rolla som organisasjonssjef overtek Ingeborg Hellesnes Uppheim den overordna leiinga av det som tidlegare var rådmannen sin stab. Organisasjonsavdelinga er ei fagleg svært mangfaldig avdeling som jobbar med mellom anna HR, løn, økonomi og budsjett, arkiv, personvern, digitalisering, IT og kommunikasjon.
Det er ikkje endeleg fastsett dato for oppstart, dette må avklarast i samråd med korleis mellombels leiing av kommunalavdeling oppvekst skal organiserast.
Stillinga som kommunalsjef oppvekst vil verta lyst ut.
Rådmann Martin W. Kulild er glad for at det no er tilsett i denne viktige stillinga, og seier det var ein god prosess med mange godt kvalifiserte søkjarar.
Foreldrerettleiing i oktober
I løpet av åtte onsdagar i haust vert det foreldrerettleiing, i programmet ICDP. Vil du vwet ameir, går du inn på denne lenkja: Foreldrerettleiing
Tips til deg som jobbar med hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging gir ut eit digitalt nyheitsbrev med nyttig og oppdatert informasjon for deg som jobbar i kommunen.
Nyheitsbrevet gir deg:
- oppdatert informasjon om tenester og tilbod
- beskjed om endringar som kan påverke arbeidskvardagen
- innsikt i ny teknologi og utvikling innan hjelpemiddel
- tips om kurs, webinar og arrangement
Nyheitsbrevet er særleg relevant for tilsette som jobbar med formidling, oppfølging eller tilrettelegging knytt til hjelpemiddel.
Vil du abonnere?
Meld deg på her.
Du kan når som helst melde deg av.

Meget glad for meget bestått
Og heilt til slutt kan me visa korleis ein heilt fersk fagarbeidar ser ut etter å ha fått fagbrevet med meget bestått. Gratulerer til Randi Underhaug, og til Bjørgamarka barnehage med ny fagarbeidar!